Det var mange som visste svaret på denne månadens oppgåve. Denne vesle gjenstanden er ein «sneppert», eit lite verktøy som ble brukt til årelating.

Dette visste Kurt Dahlstrøm, Tjørvåg som er denne månadens vinner. (Det er flott at folk utanfor Helgeland også følger med og deltek på konkurransen.)

Sneppert
Vi veit dessverre lite om denne gjenstanden som ble tatt inn i samlinga vår på Herøy bygdesamling, som gjenstand nr. 34. Det vi veit er at den tidigare var eigd av Mathea Gudmundsdatter (f. 1854) og at den er antatt å ha blitt brukt i Mosjøen og på Varøy her på Herøy.

Snepperten er eit lite verktøy som har eit lite knivblad som er spent med ei fjær. Snepperten ble lagt mot huda, fjæra ble utløyst, kniven fekk hull på huda slik at ein kunne begynne å tappe blod.

Årelating historisk
Årelating er ei av dei eldste behandlingsmetodane for sjukdom, ein har funnet spor etter denne praksisen i tidlegare kulturar i Europa, Kina, Egypt, India og i Amerika. Det er få andre medisinske prosedyrar som har hatt ein slik framtredande posisjon i det medisinske faget gjennom tinda.

Denne praksisen kan setjast i relasjon til den greske læra om humoralpatologi. Dette er ein medisinsk lære frå det antikke Hellas, der dei har ei forståing om at alt rundt oss er skapt og samansett av dei fire elementa jord, eld, vatten og luft. I menneskekroppen ble disse elementa igjen representert av levra, milten, hjartet og hjernen, som så utskilte dei ulike typar veskene gul galle, svart galle, blod og slim.

Etter teorien til den greske legen Hippokrates også kjent som «legekunstens far» var tanken at disse «veskene» måtte være i balanse, for om det var ein skeiv fordeling ville dette resultere i sjukdom. For å bli kurert måtte veskebalansen i kroppen igjen kome i balanse, for å oppnå dette måtte den overflødig veska bli fjerna. Det ble då nytta klyster, årelating og brekkmiddel for å fjerne overflødig vekse.

Årelating har vært eit symbol på medisinsk framsteg, men og tilbakegong. Denne praksisen har vært sentrum for mange diskusjonar og alt i frå 1500-talet ble denne praksisen sett spørsmål til.

Sjølv om det var diskusjonar rundt denne praksisen var denne medisinske læra fortsett akseptert til langt ut på 1800-talet, og i folkemedisinen ble årelating nytta ut på 1900-talet.

Sjølv om tanken om veskebalanse i kroppen ikkje lenger er i bruk, vert årelating ennå brukt i moderne medisin. Årelating blir brukt mot nokre sjukdommar som  hemokromatose (for mykje jern i blodet), polycytemi (for mange røde blodceller). Her er målet å fjerne eller skifte ut blodet for å endre blodets samansetning ved å fjerne visse komponentar, som for eksempel immunkomplekser, antistoff eller feittstoff

Årelating på Helgeland
I dei forskjellige samlingane til Helgeland Museum er det registrert over 30 gjenstandar knytt til årelating. Eg var klar over at dette var ein praksis som vart nytta før i tida, men ikkje at det var såpass utbredd og heller ikkje at det var egne verktøy til dette formålet. Det vart derfor interessant då eg kom over artikkelen «Kvakksalveri og årelating» i årbok for Helgeland 1980, som forklarer litt kvifor vi har såpass mange av desse gjenstandane i våre samlingar.

Årelating vart uført på Helgeland også utover på 1900-talet, sjølv om det ikkje lenger var ein akseptert praksis blant norske leger, så var det ennå ein stor praksis i folkemedisinen, då utført av kvakksalvarar. Kvakksalvarar er nemning på dei ufaglærte som utføre medisinske tenester. Kvakksalveri var ulovleg sida 1794, men dei som medverka i dette fekk ofte ikkje konsekvensar.

Grunnen til at befolkninga på Helgeland nytta seg av kvakksalveri var tilgangen til profesjonell legehjelp. På 1800- talet var det kunn tre leger i Nordland fylke en for Helgeland, Salten, og for Lofoten og Vesterålen. Det vart derfor både tidkrevjande og kostbart å oppsøke lege. Her På Helgeland held doktoren seg i Alstahaug, det var derfor ikkje lett for folk andre steder i distriktet å nå lege når ein trong det. Det ble da viktigare å hjelpe kvarandre og bruke gamle tradisjonelle kureringsmetodar.

Kjelder:
Hansteen, Peder A
- 1980, Kvakksalveri og årelating, i Årbok for Helgeland, årgang 11, 1980, Helgeland historielag.

Holck, Per
- humoralpatologi i Store medisinske leksikon på snl.no. Hentet 11. november 2022 fra https://sml.snl.no/humoralpatologi

Ulvik, Rune J.
- 2000, Årelating som medisinsk behandling i 2500 år, i Tidsskrift for Den norske lægeforening, Medisin og helse i tidligere tider: Artikkelsamling om medisinsk – historiske emner.

Tekst og bilder:
Avdelingsleder Karoline Stubberud Eide ved Herøy bygdesamling