Alle som har sett litt på Farmen har nok fått med seg denne gjenstanden, sidan den ofte blir brukt til  konkurransane i finaleuka.

Det var også berre frå Farmen eg hadde kjennskap til denne gjenstanden, så eg visste ikkje mykje om den frå før. Eg har forsøkt å lese meg opp på bruken sidan det ikkje står så mykje om den i vår protokoll, her står det at den er frå Tenna og at den ble gitt til museet i 1985. Men det var ikkje lett å finne meir informasjon på nette om bruken.

Eg har derfor forsøkt å resonnere meg frem til noko, ein kan jo tenke ut i frå namnet at denne ble brukt i felt under diverse anleggsarbeid, til å reparere verktøy og andre ting ein trong på kort varsel når ein arbeide. I  boken «Vegvesenets redskaper og maskiner1941» er feltessa nemnd. Her står det at ei anleggsmie skal som minimum ha følgande utstyr: 1 stk. ambolt, den må ikkje være under 25kg, denne skal brukast til kvessing av borrar. Helst kan ambolten være på 50kg, da kan den brukast til oppseting av slegger.

Ein avhugg til å sette i ambolten for å kappe borstål, ein smihammar, ein smihammar 1,5kg, ei smitang rett, ei smitang/sleggetang, en herdestamp og ei feltesse.

Det står vidare at ved større anlegg bør ein ha ei smie som er betre utstyrt, og ein bør erstatte essa med ei oppmurt esse og smiebelg.

Er det nokon som veit noko meir om kor lenge slike felt esser vart brukt og om korleis ein brukte den ta gjerne kontakt, slik at eg kan få meir informasjon.

Bruken av jern
Jernet har vært eit viktig materiale i lang tid. Det er mykje interessant ein kunne ha skreve om, som ein beskriving av smedyrke eller starten på industrialiseringa, men eg tenker eg skal starte heilt i byrjinga.

Det at menneske begynte å utvinne jern frå myrmalm blir rekna for ein av dei store framstega innan vår kultur. Denne kunnskapen vart først utvikla i Lilleasia (Armenia) rundt 1500 f.kr, men det skulle ta opp mot 1000 år før jernutvinning ble ein praksis her oppe i Norge. Den norske jernalderen starta derfor først i 500 f.Kr. og varte frem til mellomalderen rundt år 1000 e.Kr.

Ein kan sjå spor av at kunnskapen vart importert frå to forskjellige stadar inn til landet vårt. Dei tidlegaste funna av denne praksisen ser ein spor av i Finnmark. Her hadde jeger- og sankesamfunnet i Finnmark kontakt med  Øst- Russland som resulterte i ein utveksling av produkt. I  Volga-Ural området låg det eit sentrum for metallproduksjon som ble vidareført til det nordlege Skandinavia .

I Sør- Skandinavia ser ein at denne kunnskapen kjem frå keltarane i Storbritannia og Sentral-Europa.

Ein ser spor i store deler av landet at dei nytta den keltiske prosessen for jernutvinning. Ein brukte store sjaktomnar over bakken for å utvinne jern frå myrmalm. Omnane var lagd av leire.

Samanlikna med bronse var jern mye meir tilgjengeleg, der en før var avhengig av import for å skaffe seg bronse kunne ein nå produsere jern her i landet med råvarer ein hadde lett tilgjengeleg. Det einaste ein trong  var ved og myrmalm. Myrmalmen vart til ved at oppløyst jern i vatnet, rant   gjennom myra og dannar seg i eit lag. Myrmalmen opptrer som små oransjebrune klumpar ca. 10 -15 cm under overflaten. Rustfarget vann i myrer og bekker, gjerne med oljeaktig overflate gir indikasjon på at det er myrmalm i området.

Sjølv om ein hadde tilgang på ressursar, så var det ein svært ressurskrevjande prosess for å utvinne nok jern med ein kvalitet som ein kunne smi med. Dei måtte først hente ut myrmalmen, som dei så måtte legge til tørk eller helst brenne slik at fuktigheit og annan organisk forureining ble borte. Malmen ble då knust før den skulle brennes igjen. Ved siste brenning var målet å smelte bort slagget frå jernet, dette vil krevje kompetanse. Ein måtte få ein høg nok temperatur opp mot 1200 gradar slik at slagget smelta, men det måtte ikkje være så mykje at jernet også smelta. Slagget ville smelte slit at det kunne renne ned sjakta og enda opp nede i ei grop under omen. Dette var produksjonsavfall som ikkje vart nytta, slik at det oftast ble atterlatt etter dei var ferdige med brenninga. Disse slaggklumpane kan ein ennå finne i dag, og det er det arkeologane ser etter når dei skal sjå om ein lokalitet ble brukt til jernproduksjon.

Kjelder:
Eggen, Johs
1942, Vegvesenets redskaper og maskiner 1941''. Utg. Vegdirektoratet. no. 1942. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2016072148025}}.

Solberg, Bergliot
2014, Jernalderen i Norge: 500 før Kristus – 1030 etter Kristus

Tekst: Karoline Stubberud Eide