- Denne månaden har det verkeleg vært interesse for konkurransen, og det er mange som har gitt meg det riktige svaret. Takk også til dokke som har gitt meg meir informasjon om gjenstanden, det setter eg stor pris på. Det hjelper meg både med å lære meir om sjølve gjenstanden og det gir meg som innflyttar større forståing om korleis gjenstanden ble brukt i lokalmiljøet. Dette er innformasjon eg vil bruke til å utfylle det vi allereie har skreve ned om gjenstanden. Så eg kjem derfor med ein oppfordring til dei neste oppgåvene, kom gjerne med informasjon om gjenstanden og har dokke nokre interessante opplevingar tilknytt til gjenstandar, så vil eg gjerne høyre disse.

- Dette er ein gjenstand med fleire namn bøssmar, bessmann, bismer og bismar. Dette er ei vekt som mange hadde rett i, og den som er trekt ut som den heldige vinnaren er Åge Johansen, skriver avdelingsleder Karoline Stubberud Eide til Herøyfjerdingen på nynorsk.

Hun kommer også med utfyllende kommentarer om gjenstanden.

Vi har veldig lite informasjon om denne gjenstanden på museet, det vi vet er namnet på tidligare eigar og at den var brukt på Seløy. Men vi veit lite om kor gamal den er, men ein av dokke meinte den var frå byrjinga av 1900-talet, så det skal eg undersøke nærmare.

Bismarvekta har fått namnet sitt etter en gammal vektenhet, der ein snakkar om bismermark og bismarpund. Dette var ein måleeinheit som stort sett ble brukt til oppmåling av smør og andre fete matvarer. Vekta har endra seg litt gjennom tida, men eit bismarpund er omtrent 6 kg.

Denne er ein einarma vekt, truleg av romersk type. Den har bevegleg lodd og fast opphengingspunkt, den ble brukt ved at en hengte den opp i taket i den triangulære ringen.  Det man ønsker å veie ble hengt i kroken, vekta ble da balansert med loddet. Man les då vekta ut ifrå loddets posisjon.

Videre fekk eg og meir grundig informasjon av dykk lesarar om bruken, fleire har nemnt at den ble brukt til å vege fisk, men også poteter og kjøtt.

Eg har fått svar frå fleire at det hang slike på fiskemottaket, her er sitat frå eit svar «Brukes til å veie forskjellig gods, tidligere foregikk alt fiskesalg og -kjøp på fiskebrukene vhja bøssmar. Det var vanlig at når fiskerne leverte fisken, som var sløyd, sto bøssmaren på 51 kilo, og vekta skulle være lite grann over, før fisken ble tippet oppi skyllekaret»

Eg fekk og beskjed om at den hang på postkontoret og ble brukt til å vege ting der.

Kjelder:
Hofstad, Knut: bismer i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 24. februar 2023 fra http://snl.no/bismer

Hofstad, Knut: bismervekt i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 24. februar 2023 fra http://snl.no/bismervekt Teknisk museum, Nettside, Liv og død, https://www.tekniskmuseum.no/livogdod-barselhjemutstillingen