Her er litt informasjon om boka:

«Mørke»
Når såg du sist stjernehimmelen?
Meir enn to tredelar av nordmenn bur no slik til at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra og alt som lever? Er det farleg?
Dette er forteljingar om mørket. For kva er det eigentleg – og kvifor er eg så redd for det?

I boka dreg eg aleine til fjells for å finne ut av dette. I dette foredraget får du høyre om den turen – og også om ei anna kvinne, Christiane Ritter, som dro nordover for å overvintre i ei fangsthytte på Svalbard i 1934. Du får høyre om stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid. Om søvn og himmellovar og den globale kampen for nattehimmelen. Og kva som skjer i kroppen når det blir natt.

For kanskje er det slik at mangelen på mørke er mykje meir skremmande enn mørket sjølv?